Welkom to ze Arkadium

Lat meg måle eigedommen din og eg skal sei deg kven du er.

torsdag, desember 31, 2009

Godt nytt år!

og takk for det gamle.

sundag, desember 27, 2009

Det vart kvit jul i år!


Utsikt frå Brosviksåta.
Posted by Picasa

laurdag, desember 26, 2009

Posted by Picasa

tysdag, desember 15, 2009

Yr.no driv og ymter frampå om at det blir minusgrader og nedbør i Brosvika fram mot jul...

Det kan jo bety snø.

sundag, desember 06, 2009

Mmmmm

Posted by Picasa

måndag, november 30, 2009

Eg skal kome med ei innrømming.

I det siste har eg tenkt på å slutte å blogge.
Det er berre det at eg forstår argumenta til dei som seier at blogging er vår tids blotting.


tysdag, oktober 27, 2009

Travel blog

DÅ har eg unnagjort ein del reising,

Førre helg var eg i Amsterdam, og denne helga var eg i Trondheim.

Begge turane var kjempemessige. Amsterdam er kanskje til og med endå betre enn Roma. Anbefaler Amsterdam, altså.
Kort oppsummert: Signhild, shopping, pannekaker, drivhusrestaurant, Amsterdam Maraton, park, historisk museum.

Anbefaler Trondheim, òg.
Kort oppsummert: Gåte.

tysdag, september 15, 2009

Livets (k)val

Så var avstemminga over for denne gong, og resultatet taler for seg.
Folk held seg til det trygge, som tilsynelatande fungerte gjennom krisetida, så Stoltenberg II blir til Stoltenberg III. Eller fortsett det å vere Stoltenberg II? Eg er usikker, det har jo ikkje skjedd sia 1930-åra at ei fleirtalsregjering har blitt sittande over eit val...

Parti som ikkje har vore tydelege nok på kva dei vil (les: venstre), eller ikkje har hatt ein klar statsministerkandidat (les: SV) har tapt stemmer og mandat.

Verdiar er framleis ikkje sexy, noko Krf fekk merke, med eit fall på rundt 1,6 %. Det innebar jo desverre og at mamma ikkje kom på tinget. Det er kjedelig, for der trur eg ho hadde gjort ein god jobb.

Eg fekk litt vondt av Sponheim der han stod og var valets tapar. Han såg ut som ein slagen mann.

R.I.P. Venstre.

måndag, september 07, 2009

I dag var eg på foredrag om "Kvinneundertrykking i Iran", arrangert av Amnesty Student Bergen.
Foredraget vart holdt av den iranske menneskerettighetsforkjemparen Mahmood Amiry- Moghaddam. Han var ganske flink, men uten nok bakgrunnsinfo innanbords vart han litt vag og ullen.

Det som derimot gjorde stort inntrykk var filmen dei viste etterpå. Det var ein animasjonsfilm basert på livet til ei jente frå Iran. Filmen heiter "Persepolis", og er veldig sterk samtidig som den er veldig humoristisk. Eg anbefalar.

sundag, september 06, 2009

it´s a masquerade. Roll with it.

Marv (frå Sin City)